HOLUM TRIO:
Vegard Holum – trompet Stian Andreas Andersen – kontrabass Øystein Aarnes Vik – trommer Holum Trio spelar ærlig og utadvendt improvisasjonsmusikk forankra i sterke komposisjonar.
Søndag 30.april kl 19:00
Billett kr. 220,- inkludert billettavgift.
Vegard Holum – trompet Stian Andreas Andersen – kontrabass Øystein Aarnes Vik – trommer Holum Trio spelar ærlig og utadvendt improvisasjonsmusikk forankra i sterke komposisjonar. Sidan starten i 2011 har trioen spelt over 100 konsertar i inn og utland og held stadig eit høgt aktivitetsnivå
Bandet utforskar krysninga mellom improvisasjonsmusikk og meloditeften i moderne pop. Dette resulterer i musikk som er utadvendt og tilgjengelig, framsynt og open. Med ei særeigen instrumentsamansetning der musikarane gjev rom for melodiske og dynamiske klangflater og vågar å la ein enkel melodi skape spenning, skapar trioen ny norsk og særeigen jazzmusikk.
Holum Trio har gitt ut to konseptuelle plater; «Heim» (2015) og «Borte» (2019). Der den første plata er inspirert av røtter, identitet og norsk natur, strekker den andre plata seg utover landegrensene og hentar inspirasjon frå andre kulturar og musikalske uttrykk.
Trioen feirar no over 10 år som ensemble med ein rekke konsertar utover 2023, og gleder seg til å besøke Porsgrunn og Kafé K for første gong i slutten av april.
Du kan kanskje også være interessert i disse konsertene: