Beskrivelse
Kanskje har du allereie høyrt Arne Olav Hageberg sitt nye album «Alt vil bli som før», som blei lansert 26. juni. Du finn det der du strøymer musikk, inkludert singelen “Ingenting er godt nok” med Trygve Skaug på gjestevokal. Men kva er vel eit albumslepp utan ein skikkeleg releasekonsert?
Det blir musikk både frå det nye albumet og frå tidlegare utgjevingar. “Alt vil bli som før” handlar mest av alt om kjærleik i mange former, som lengt og valuta, som tap, vits og von, som voggesong til ei dotter og som hylling til ein musikar. Ein del av songane er testa ut her og der før. Men er du blant dei som finn vegen til Blackbird denne kvelden, vil du for all ettertid kunna seia at du var der første gong dei blei presentert samla for eit publikum.
Til konserten denne kvelden har Arne Olav fått med seg eit knippe av dei strålande musikarane som bidreg på plata: Jan Olav Renvåg (ståbass og liggebass), Hans Marius Graasvold (banjo og gitarar), Rolf Magnus Amundsen (trommer) og André Kassen (saksofonar). Saman vil dei ta med seg over to hundre år med musikalsk erfaring frå alle tenkelege musikalske sjangrar opp på scena denne kvelden. Det skal altså godt gjerast at dette ikkje blir fint.
Hald deg oppdatert på Facebook-eventen: http://tiny.cc/4pr8101

